Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Program 2012

Sesongen 2012 opna med eit eigeprodusert program "Kjærleik er ei tåre" - ein støttekonsert for 22. julifondet. Til trass for laurdagskveld og jonsokfeiring kom det vel 150 tilhøyrarar, som fekk oppleve nokre av dei mest lovande unge musikarane frå distriktet og regionen i vakkert samspel.

Mange av oss hadde gledd seg til å høyre Arnfinn Haram kåsere i Rosekyrkja. Like før sesongstart mottok vi den triste bodskapen om at han hadde gått bort.

Den neste programposten introduserte "Dyrkornkatedralen" som konsertsal for Kyrkjehola Kulturbeite. Mange var nok nyfikne på korleis dette ville bli, for publikum kom i større mengd enn vi kunne ta inn i salen på grunn av brannsikringsreglar slik at nokre måtte høyre på frå naborommet. Det var berre godlæte frå publikum og i dobbel forstand frå dei fantastiske musikarane Arve Henriksen, Trio Mediæval og Terje Isungset. Vakkert og spennande!

Bjørn Eidsvåg fylte så Rosekyrkja på den siste dagen i juli. Publikum fekk oppleve ein formidlar i toppform og som også sjølv såg ut til å trivast, noko han stadfesta på sin mykje omtala Twitter.

Det blei ein ny stor publikumssuksess i Dyrkornanleggene sine lokaler då førestillinga Tenor Battle med Håkon Kornstad og band fann stad den 5. august. Fullt hus og stormande jubel både for den klassiske tenoren og for tenorsaxofonen.

Helga etter vart programmet avslutta. Laurdagen med fengande flamencorytmer og dans på Nilsgardstunet med førestillingar for barn på ettermiddagen og for dei meir tilårskomne på kveldstid. Dei frammøtte hadde det særs kjekt, men vi kunne ønskt at endå fleire hadde fått oppleve korleis FlamenCompaniet brukar dansen og musikken til å fortelje historier og til å skape møtepunkt mellom autentisk flamenco og norsk folkemusikk.

Dagen etter fekk vi eit kammermusikalsk meistermøte med søstrene Elise Båtnes og Henninge Båtnes Landås. Med ein presisjon og ei musikalsk tolking i ultraklassen fekk vi ei avslutning på sesongen som vi lever på heilt til neste sommar.

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2012 som PDF-fil:

 

Program 2011

Sesongen 2011 vart innleidd med eit flott program med fokus på vår nynorske songskatt. Lokale deltakarar var med å trekke fullt hus i lag med gjestesolisten Helene Bøksle, som m.a. song kapellmester Odd Johan Overøye sine nykomponerte tonefølgje til kjende dikt. Alpaca Ensemble hadde også ei urframføring av denne komponisten på sitt program, som vart framført i Nykyrkja sidan veret var for surt for bruk av Rosekyrkja. Messiaen klang fint også i denne konsertsalen.

Neste programpost introduserte vår festivalmusikar Knut Ivar Bøe. Han hadde samla sine gode medmusikantar frå området og framførte konserten Fotspor med vektlegging på å presentere musikk med lokalt opphav. Eit talrikt publikum sette stor pris på dette. Etter ein fantastisk konsert i Rosekyrkja med Trondheimsolistene, som framførte verk frå sin grammynominerte CD, fann mange vegen til Nilsgardstunet der vår festivalmusikar baud opp til kappspel med sitt orkester og fekk med Larsenbrørne i ein konsert som fekk hælane i taket i dette lokalet som for første gong vart prøvd ut som arena for Kyrkjehola sine førestillingar. Eit vellukka forsøk!

Den 23. juli vart det ein spesiell konsert med Smyr, som gjennom meditativt tonespråk og val av repertoir på ein svært god måte gav oss ro til ettertanke og sorgbearbeiding etter den grufulle dagen før. Også Elias Akselsen og Knut Ivar Bøe rørte dei same strengane i oss med si fantastiske formidling på konserten på Dyrkornkaia olsok. Denne dagen vart det også opna to kunstutstillingar i Prestestova og Løsetstova. Både Inger K. Giskeødegårds flotte teikningar og måleri og Kristin Selboskar sine smykke i sølv og emalje vart sett av mange, men salet var diverre ikkje slik vi kunne ønskje. Sesongen vart avslutta med klassiske godbitar frå søskenparet Coucheron i samarbeid med Fjord Cadenza. Denne stadfesta det kunstnariske nivået som var svært høgt gjennom heile programmet.

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2011 som PDF-fil:


Program 2010

Kyrkjehola Kulturbeite inviterte Kenneth Ekornes til å vere vår musikarprofil i 2010 og vise oss litt av breidda i det han står for. Han fekk frie tøylar til å setje saman programma han skulle vere med i. Dette resultert i tre spennande konsertar.

Men før han kom i gong, opna sesongen jonsokaftan med ein vakker konsert – EARLY FOLK - med Lena Willemark, ein av Nordens fremste artistar innan folkemusikk og world music I lag med Svante Henryson – cello og Knut Johannesen – cembalo, sette ho ein kunstnarisk standard som stod seg sesongen ut, og som styret var særs nøgd med. På dette arrangementet var publikumsframmøtet brukbart, men vi skulle gjerne hatt langt fleire besøkande på mange av dei fantastiske framsyningane som vart presenterte.

I det neste arrangementet, Ekornes i 100, trollbattKenneth Ekornes eit ungdommeleg publikum med sine trommerytmar og sitt dataopptaksutstyr som fekk fram inspirerte komposisjonar og dansefot hos store og små. Eit absolutt høgdepunkt i år og i KKB si historie var Frode Fjellheim si arktiske messe Aejlies Gaaltije - den Hellige kilden m/ Frode Fjellheim - tangentar og vokal, Nils-Olav Johansen - gitar og vokal, Snorre Bjerck – perkusjon, Kristin Rustad Høiseth og Randi Lundemo – sang, Sturla Eide – fele.

Midt i juli kunne vi by påForfatteraften med Benny Andersen. Den danske bestseljaren fann og tonen med sitt norske publikum, som sette pris både på dikt og forteljingar. Konsertsesongen fortsette med to førestillingar der Kenneth Ekornes var sentral. The Brazz Brothers’ World Jazz, med godt besøk og god stemning, og Summer Samba (Samba de verão) Eit Brasilprosjekt med Kenneth Ekornes - perkusjon, Vera Regina Americo - sang, Andreas Aase og Tom Steinar Lund – gitar. Siste framsyninga for året var Nå - Hans Børli med kvinnehånd - Poesikonsert med Anne-Marit Jacobsen, Benedicte Maurseth - fele og Åsne Valland Nordlie – kveding. Utstillingane Bilde i svart/kvit grafikk v/Bjørn Brusdal og "Skimmer"- glasobjekt v/Anne Brit Krag fekk mykje god omtale og hadde brukbart besøk. Vil du lese meir om programmet, kan du sjå på brosjyren som her ligg ved som pdf-dokument:

 

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2010 som PDF-fil:


Admin