Sommarsong i Rosekyrkja
Konsert i Rosekyrkja måndag
29. juli 2019 kl. 19.30
Sommarsong i Rosekyrkja på
olsokkvelden
Tone Oline Knivsflå og Kristin
Lundemo Overøye er to unge,
nyutdanna skodespelarar og songarar
med sterke røter i vårt
distrikt. Saman med pianist og
komponist Odd Johan Overøye
har dei plukka ein fargerik bukett
av vakre dikt, viser, songar og
salmar der sommaren –
vår kjæraste årstid
– er gjennomgangstema.
Publikum blir også invitert
med på allsong. Kyrkjehola
Kulturbeite ynskjer velkommen til
ein stemningsfull sommarkonsert av
godt, gammalt merke i vakre
Rosekyrkja (etter
olsokgudstenesta).
Tone Oline (opphavleg frå
Geiranger) er utdanna ved
Bårdar Akademiet / Bårdar
International Musical Theatre. Av
større oppgåver i skolens
produksjonar kan nemast rolla som
Milja i ”Ungen”. Etter
avslutta studiar har ho allereie
gjort seg gjeldande i fleire
oppsetningar ved Chat Noir i Oslo,
m.a. i rolla som Jenny i
Tolvskillingsoperaen, med regi av
Sven Sturla Hungnes. Under same
leiing var ho med i Ibsens Peer
Gynt på Akershus festning
sommaren 2018. Ho har også
hatt diverse konsertoppdrag; mellom
anna i Jakobskirken og ved Bikuben
(Det Norske Teatret).
Kristin er trondheimsjente med aner
i Stordal. Ho har ein Bachelor i
Actor Musicianship frå Rose
Bruford College i London der ho har
hatt roller som Liza i
”Children of the Sun”
og Lynette Fromme i musikalen
”Assassins” (oppsetning
ved Stratford Circus Art Theatre).
Av ymse i Norge kan nemast
hovudrolle i Sunnivaspelet (Skeie /
Overøye) i Tønsberg
Domkirke, konferansieroppdrag for
Trondheim Symfoniorkester og
diverse solistoppdrag; no sist med
kunstnarisk innslag under
portrettet av Geir Lippestad i
Byåsen kirkes kulturprogram.
Odd Johan (Stordal / Trondheim) er
komponist / arrangør og
pianist, og har hatt musikken som
levebrød sidan slutten av
80-talet. Han underviser i
komposisjon og teori ved
NTNU-Institutt for musikk, og har
hatt diverse tillitsverv i norsk
musikkliv – m.a. som
komitémedlem i Statens
Kunstnarstipend. Odd Johan er
gründeren bak Kyrkjehola
Kulturbeite som med varierande
aktivitetsnivå har halde det
gåande sidan 2000.
Billettar:
Billettar vert å få
kjøpt i Stordal bygdetun (ved
Rosekyrkja) mellom kl. 18.30 og
19.30 olsokkvelden
Kr. 200 for
vaksne,
kr. 100 for born under 16
år
kr. 350 for familie
(foreldre og born under 16
år)
Vi nemner at det er
olsokgudsteneste i Rosekyrkja
frå kl. 18
|