Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

DIVERSE PRESSEKLIPP:

«For tiande året på rad blir det presentert eit sommarprogram av imponerande
kvalitet». Sunnmørsposten om KKB i leiaren "Mangfaldig festivalsommar", 21. juli 2009.

I den aller minste sunnmørskommunen finn vi eit av dei mest ambisiøse kulturprogramma for sommaren. For sjuande året på rad ( Sunnmørsposten i førehandsomtalen av 2006-programmet)

Ei verdig markering av Nordens visehovdingar (Bygdebladet etter konserten med Lars Klevstrand i Rosekyrkja, juli -06)

Jon Eikemo og Jakob Sande saman er blank dynamitt. Dei einaste som gjekk skuffa heim frå Rosekyrkja laurdag var dei som ikkje kom inn (Sunnmørsposten om Jon Eikemo & Jakob Sande "Trur eg", juli 06)

Skodespelar og songar Karoline Isaksen som no er busett i Ålesund, gav tekstane og tonane eit kvinne -og klasseperspektiv som mest må vere makelaust i vår samtids kulturliv ( Storfjordnytt om "Haugtussa" med Karoline Isaksen, Jo Inge Nes og Håvard Sveås, august -06)

Då dei vare cellostrengene til Eero Voitk tona ut i Rosekyrkja på søndag, var det også slutt på kulturbeitet i Kyrkjehola for denne sesongen. Det er berre å gle seg til neste år! (Storfjordnytt, august -05)

"Æ ælske å spille på sånne små plassa" (Ola Bremnes i Sunnmørsposten etter konserten i Rosekyrkja, juli -05)

Det blir eit nært møte mellom musikarar og tilhøyrarar, det sprakar av eld på grua, ute kjem skumringa smygande… ( Storfjordnytt om konserten "Glimmer" i Løsetstova med Sturla Eide og Andreas Aase, august -04)

Konserten vart eit intimt møte mellom eit lydhørt publikum og uttrykkfulle kunstnarar i verdsklasse ( Storfjordnytt etter konserten med Victoria Nava og Trygve Brøske, Rosekyrkja -03)

Dei to laga blomeregn, einsemd, regnnatt, ung nattdans, dogg, vind og flaum med instrumenta. Kyrkjehola Kulturbeite har atter ein gong gitt fjord-publikummet ei sjeldan kulturoppleving ( Storfjordnytt etter "Mildt regn" med Gøril Haukebø, Stian Omenås og Odd J. Overøye, juli -02)

Saman med den russisk-norske fiolinisten Elena Yakovleva skapte han ein konsert der han både fanga stemninga i den ærverdige kyrkja og fletta den inn i musikken (Bygdebladet om konserten med Henning Sommerro og Elena Yakovleva, Jonsok -02)

Nokre linkar til stader der Kyrkjehola Kulturbeite elles er omtala:

http://www.storfjordnytt.no/ny05/29-kyrkjehola.html

http://www.storfjordnytt.no/nyhende06/21-kyrkjehola.html

http://www.stordal.com/Side.aspx?m=11&amid=170

http://www.2l.no/anm/2L17STFJ1_250804.pdf

Omtale av "Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg.." i Stordalsportalen

Omtale av "Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg.." i Sunnmørsposten 10. juli 2006 (pdf):


Admin