musikk -
litteraturopplevingar -
scenekunst
utstillingar -
historie -
folklore
Kyrkjehola
Kulturbeite i Stordal
(Møre og Romsdal) er ei
sommarscene for profesjonell
kunstformidling, med dei
særeigne lokalitetane i
Stordal Bygdetun; Rosekyrkja,
Prestestova og
Løsetstova, som ramme og
arena. Tiltaket har sidan
oppstarten i 2000 etablert
seg som eit unikt regionalt
kulturprosjekt med heile
Nordvestlandet som
nedslagsfelt - organisert som
ein årviss programserie
i tidsrommet frå om lag
midten av juni til midten av
august.
KKB har lagt stor vekt
på å skape ein
tydeleg
programidentitet
gjennom samanstillinga av
ulike kunst -og
formidlingsuttrykk. Eit
uttalt mål er å
stimulere til nyskaping i
krysningspunktet mellom ord,
bilete og musikk. Utover
å kjøpe inn ferdige
produksjonar har vi
såleis lagt til rette
for kreative møte mellom
musikarar, biletkunstnarar,
forfattarar og
scenekunstnarar. Av
forestillingar produsert
spesielt for KKB kan nemnast
Mildt Regn - ei
improvisasjonsforestilling
spunne rundt Halldis Moren
Vesaas sin lyrikk, og
Omreisende Malersvende og
Stadsmusikanter -
Rosekyrkja i eit
kunsthistorisk og musikalsk
perspektiv, med Gunnar
Danbolt og Erling With
Aasgård. Største
satsinga i 2007-sesongen var
den eigenproduserte,
multimediale installasjonen
«Harpeberget»; med
Marit Kaldhol - tekst, Arne
Nøst - video og Odd J.
Overøye - lyd. KKB kan
også vise til ei rekke
urframføringar av tekst
og musikk. I
jubileumsåret 2009
presenterer vi Niels Olsen
Svee i eit spennande oppsett.
Pater Arnfinn Haram vart
portrettert i 2013.
I 2010 og 2011 presenterte vi
høvesvis Kenneth Ekornes
og Knut Ivar Bøe som
festivalmusikarar, som vart
breitt presenterte i fleire
førestillingar. Vi
introduserte også nye
konsertlokale både
på Nilsgardstunet og
på Dyrkornfabrikken.
Nokre gjestande artistar; Per
Arne Glorvigen, Edvard Hoem,
Svein Tindberg, Ola Bremnes,
Ragnar Hovland, Ane Dahl
Torp, Henning Sommerro,
Ingunn Dahlin, Gunnar
Danbolt, Lars Klevstrand,
Leon Roald, Berge Furre, Jon
Eikemo, Charlotte Fongen og
Magne Fremmerlid, Toralv
Maurstad og Espen
Skjønberg,Ole Paus, Jo
Nesbø, Aleksander Rybak,
Anne-Lise Berntsen, Ola
Kvernberg og Stian
Carstensen, Marilyn Mazur,
Brass Brothers, Benny
Andersen, Bjørn
Eidsvåg, Georg Riedel
m.fl.
Stigande medieinteresse og
aukande
publikumstilstrøyming
frå heile regionen, med
utanlandske tilreisande
inkludert, tyder på at
KKB er i ferd med å
etablere seg som ein
attraktiv og særeigen
kulturarena utanfor
allfarveg.
|
|