I STORDAL SKJER MYKJE
INTERESSANT
Dette er skreve av Einar J
Hove og John Kr Hjelle.
Nedanfor gir vi ein svært
kort presentasjon av fleire
interessante tiltak og prosjekt
knytt til Stordal.
Alt det som er skreve om
nedanfor kan du lese meir om
her på
Stordalsportalen.
Under kvart av
nedanforståande tiltak
viser vi til kvar i
Stordalsportalen dette stoffet
ligg.
Stordal Sogelag
Stordal Sogelag har vore eit
aktivt lag og gitt ut ei mengd
temahefter. Sogelaget har
ellers vore initiativtakar og
svært aktiv i fleire
prosjekt. Vi nevner her
Intersogelagssamarbeidet, Dei
Store Hesteferdene 2004,
NRK-filmen "Vegen mot Romsdals
marked" og no sist Fjord Fjell
Friluftsparken i Møre og
Romsdal. Sjå under
menyvalg "Kva skjer" og
"Prosjekter" samt Stordal
Sogelag si heimeside under
Stordalsportalen (menyen
"Heimesider i portalen" til
venstre). Stordal Sogelag har
hatt hovedansvaret for
restaureringa av Andersselet
på Kvitlanestølen
på Langsætrane.
Utanfor dette selet var der ei
hovedscene i ovanfor nevnte
NRK-film. Sjå bilete.
Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal
Øvre Stordal er
eit unikt område med mange
kvalitetar knytt til historie,
kultur, friluftsliv og busetnad
frå langt tilbake i
historia.
Folket i Stordal vil ha eit
aktivt engasjement for å
ivareta disse verdiane og det
er skreve eit omfattende
dokument som klarlegg kva slags
aktivitetar ein vil sette i
verk for å ta vare på
og vidareutvikle dei store
verdiane som ligg her. Ein
hovedfokus vil vere å
skape grunnlag for nye
aktivitetar, næring og
fast busetnad i
området.
I området er her eit stort
vassdragsystem med ei rekkje
vatn og elvar. Området er
interessant så vel
frå ein geologisk,
biologisk som ein botanisk
synsvinkel.
Området er eit perfekt
utfartsområde for dei
tettare busette områda
vestover i
Ålesundsregionen.
Arena
Overøye med nye
alpinanlegg og dei store
turmuligheitane innover i
Langseterområdet er
viktige i samband med idrett og
friluftsliv for ein stor
region.
Sjå meir om prosjekt
Øvre Stordal her .
Langsæterdagane
Langsætrane var i eldre
tider dei største samla
sommarstølane på
Vestlandet. 40 av dei nederste
bruka i Stordal hadde
seterhamner her.
Langsætrane ligg 18 km.
frå Stordal sentrum og med
bilveg opp gjennom Stordalen
heilt fram til
stølsområda.
Stordal Sogelag tok i 2004
initiativet til å skape
ein tradisjon i bygda ved
å lage til eit
årvisst arrangement
på Langsætrane. Dette
var året då Den Store
Hesteferda også blei
arrangert.
Denne hausten blei det då
berre halde eit arrangement
over ein dag på
Puskenstølen. I 2005 blei
det lagt til rette for eit
arrangement over tre heile
dagar, og dette vil bli
strukturen i
Langsæterdagane som ein
årviss tradisjon vidare.
Langseterdagane går over 3
dagar og med store arrangement
knytt til 3 område;
Trollkyrkjegarden,
Kvitlanestølen og
Puskenstølen. Dei vert
haldne i siste halvdel av
august.
Sjå meir om
Langsæterdagane her .
Intersogelagssamarbeidet, Den
Store Hesteferda 2004,
NRK-filmen "Vegen mot Romsdals
marked"
Opptakta til dette samarbeidet
mellom mange sogelag vart gjort
i eit møte på
Toreselet på
Langsætrane den 12.
oktober 2002. Forut for dette
møtet hadde historikaren
Ragnar Standal og leiar i
Stordal sogelag Einar J. Hove
sendt ut invitasjon til mange
lag og organisasjonar.
Dette samarbeidet utvikla seg
svært positivt og disse
sogelaga blei einige om
gjenskape dei historiske
hesteferdene som gjekk frå
Nordfjord tvers gjennom heile
Sunnmøre og til den store
marknadsplassen på Devold
i Rauma.
Etter invitasjon frå
INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka
NRK i februar 2004 ja til
å lage ein film frå
ei konkret hesteferd hausten
2004. Denne filmen blei vist
på NRK i jula 2004.
Det vart teke ei mengd med
scener frå alle bygdelaga
og seterstølane som
hesteferda for gjennom. Mange
scener blei også teke
frå Stordalsområdet;
frå Stordalsholmen og
Stordalsvika, opp gjennom heile
Stordalen, frå
Langsætrane og frå
Trollkyrkjegarden som ligg inne
på fjellet mellom Stordal
og Innfjord.
Sjå meir om dette her .
Fjord Fjell Friluftsparken i
Møre og Romsdal
Fjord - Fjell - Friluftsparken
I MRF er ein direkte - men noko
anna vinkla - fortsettelse av
Den Store Hesteferda 2004.
Dette prosjektet baserer seg
på dei same grunnleggande
hensikter / intensjonar og
målsettingar som både
Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og
Hesteferdprosjektet.
Ein svært interessant del
av dette prosjektet er
konseptet "Tur med
oppleving og
læring".
Dette baserer seg på bruk
av GPS-verktøy, digitale
kart og avanserte
database-løysingar.
Ein teiknar opp alle aktuelle
turmuligheiter i heile
området og gir
tilleggsinformasjon av mange
slag knytt til det ein kan
oppleve og lære ved kvar
enkelt tur.
Sjå meir om FFF i MRF
her .
Trollkyrkjegarden
TROLLKYRKJEGARDEN EIN
HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne
på fjellet mellom
Langsætrane i Stordal og
Bøstølen i
Innfjorden.
Trollkyrkjegarden var i gamle
dagar ein møtestad på
fjellet mellom bygdene Stordal,
Valldal, Innfjorden,
Måndalen og
Tresfjord.
Trollkyrkjegarden vil bli
senter og møtestaden i
Fjord Fjell Friluftsparken i
Møre og Romsdal.
Dette er ein eldgammal
møtestad i fjellheimen
mellom ovannemnde bygdelag og
den kan ha si historie fleire
tusen år attende i
tida.
Sjå heimesida til Stordal
sogelag under stordalsportalen
(menyen "Heimesider i portalen"
til venstre), leit deg fram til
Bildearkiv og Trollkyrkjegarden
i dag. Sjå også litt
meir om Trollkyrkjegarden
her .
Stordalsportalen
Stordalsportalen skal vere ein
positiv presentasjon på
internett av Stordalssamfunnet
og i prinsippet femne om alt
som vi vil presentere av
positiv informasjon frå
vårt område.
Med Stordalssamfunnet meiner vi
dei geografiske områda
Nedre Stordal, Dyrkorn,
Øvre Stordal,
Langsæterområdet og
Bortomfjorden og herunder alt
næringsliv, kultur,
historie, friluftsliv, idrett,
tiltak, aktiviteter,
arrangementer, opplevelser
etc.
Stordalsportalen er og blir
utvikla for at den skal vere
for folket i Stordalssamfunnet.
Den skal også vere av
folket gjennom deltaking i
infosider og interne heimesider
innan sjølve
portalen.
Men den skal også rekke
langt ut i verda, derfor:
Stordalsportalen skal
bli Stordalssamfunnet sin
viktigaste profilerings-,
markedsføringsmedium og
markedsføringskanal
på internett.
Men samtidig er den
jordnær og gir informasjon
til bygdefolket om det meste
som skjer på det lokale
plan.
Oppfordring:
Besøk
Stordalsportalen og gjer deg
kjent med Stordal og det
Stordal har å by på.
Det er allereie lagt inn ei
mengd med stoff knytt til mange
temaområde og aktørar
i Stordal. Her er også
fleire bildegalleri med mange
flotte bilder frå
Stordalsområdet. Disse
ligg både i sjølve
Stordalsportalen og i dei
heimesidene som er lagt inn
under Stordalsportalen. På
denne nettstaden vil der ut
gjennom heile 2006 komme inn
stadig nytt interessant stoff.
Velkommen til
Stordalsportalen.
Les meir om Stordalsportalen
her .