Langsæterdagane
Stordal Sogelag tok i 2004
initiativet til å skape ein
tradisjon i bygda ved å lage til
eit årvisst arrangement på
Langsætrane. Dette var året
då Den Store Hesteferda
også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre
halde eit arrangement over ein dag
på Puskenstølen. I 2005
blei det lagt til rette for eit
arrangement over tre heile dagar, og
dette vil truleg bli strukturen i
Langsæterdagane som ein
årviss tradisjon vidare.
I det etterfølgende kan du lese
om innhaldet av dei tre
Langsæterdagane i 2005.
Planlegginga av Langsæterdagane
i 2006 er no sett i gang, og ein legg
opp til omfattande og interessante
dagar i Langsæterområdet
hausten 2006.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Stordal Sogelag i
samarbeid med
landbruksorganisasjonane og andre lag
og organisasjoner. Deltaking
også av lag, organisasjoner og
skular i dei andre bygdelaga.
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN
MØTEDAGEN MELLOM NABOBYGDENE
FREDAG 26. AUGUST
TROLLKYRKJEGARDEN EIN
HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på
fjellet mellom Langsætrane og
Bøstølen.
Troll-kyrkjegarden var i gamle dagar
ein møtestad på fjellet
mellom bygdene Stordal, Valldal,
Innfjorden, Måndalen og
Tresfjord.
MANGE TURAR INN MOT OG STORT
TREFF AV FOLK OG DYR PÅ
TROLLKYRKJEGARDEN.
Det vil bli arrangert turar med
deltaking frå Valldal,
Innfjorden, Måndalen,
Våg-stranda, Daugstad,
Tresfjord, Vaksvika, Dyrkorn og opp
gjennom heile Stordalen til
Møtestaden på
Trollkyrkjegarden. Som turdeltakarar
denne dagen inviterer ein ei blanding
av frilufts / turfolk, hestefolk -
med alle hesteraser - skuleklasser og
andre som er interessert i å
delta på denne historiske turen.
PROGRAM
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN FREDAG DEN 26.
AUGUST 2005
Turar frå omliggande bygder og
inn til Trollkyrkjegarden
- Heste - / friluftsgrupper og
skuleklasser møtest på
Trollkyrkjegarden
- Leirslagning - Hestestell -
Prøveridning
- Forteljing om Kulturminner,
Fjella og Naturen i dette
området
- Uteskule ved Friluftsrådet /
Kulturavdelinga på Molde
- Bålbrenning - Grilling -
Matlaging
- Historieforteljing
- Kveld ved Elvabytet og
Trollkyrkjegarden
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL Å
DELTA PÅ TURANE OG MØTET
PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med
landbruksorganisasjonane og andre lag
og organisasjoner. Langsætrane
er fellesnavnet på dei to
stølane Kvitlane og Pusken. Her
hadde dei 40 nederste gardane i bygda
stølsdrift fram til midten av
1950 - talet.
KVITLANEDAGEN
OPPLEVINGS - OG
LÆRINGS-DAGEN LAURDAG DEN 27.
8.
Dagen starter med TURMARSJ frå
Overøye.Det er lagt opp til
mykje læring og oppleving
denne dagen. Programmet er fordelt
på to områder; på
sjølve stølen og nede ved
elva / brua
nedanfor stølen. På begge
plassane foregår mange
aktiviteter frå Kl. 1030 og ut
heile dagen
PROGRAMMET PÅ
SJØLVE
KVITLANESTØLEN
- Visning av kva slags produkt dei
laga frå mjølka på
stølane i eldre tider
- Ysting, kjinning, koking av
dravle; visning, smaksprøver og
framgangsmåter for tillaging av
mange slags produkt
- Visning og demonstrering av
utstyr og reiskapar som blei brukt
- Mange stiller ut varer for salg
på Bøndenes Torg på
Langsætrane.
- TINE, GILDE, MATTILSYNET OG
STORDAL SOGELAG stiller med
informasjonsstand om deira produkter
og aktiviteter.
- Holt Gardsmat og Nilsgardstunet
sel enkelte spesialprodukt,
tørrmat, kaffi, saft og brensnut
/ kjøtsuppe
PROGRAMMET VED ELVA /
KVITLANEBRUA
- Visning av byggekonstruksjoner /
bygg av Isolaft, Grindlaft og
Steinalderbolig (Fletteverksbygg )
- Visning av produkt /
konstruksjoner frå Amdam Sag,
Øvrebust Sag og Mørelaft
- Stands - og informasjon frå;
DIN TUR, Husfliden i MRF, Uteskule
ved Skogselskapet i MRF,
- Valldal Naturopplevinger,
Liabygda Speidarar, skyting med
pil/boge m.m.
- Gullgravarleiren med
mineralutstilling, skjerping etter
gull.
- Undervisning i mineralogi,
geologi og biologisk mangfold
- Tillaging og servering av
"utemat"
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL
KVITLANEDAGEN. TA MED HEILE FAMILIEN
- HER ER NOKO Å LÆRE OG
OPPLEVE FOR ALLE.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med
landbruksorganisasjonane og andre lag
og organisasjoner. Langsætrane
er fellesnavnet på dei to
stølane Kvitlane og Pusken. Her
hadde dei 40 nederste gardane i bygda
stølsdrift fram til midten av
1950 - talet.
PUSKENDAGEN
GUDSTENESTE OG
UNDERHALDNINGSDAGEN SUNDAG DEN
28.8.
Denne dagen starter med TURMARSJ
frå Overøye som går
via Kvitlane og
vidare til Puskenstølen. Her
blir det først Gudstjeneste.
Deretter eit variert program
og sal av rjomegraut, brensnut /
kjøtsuppe, saft, kaffi og
tørrmat
HOVEDPROGRAMOVERSIKT
Kl. 10.30
Turmarsj:
Overøye - Kvitlane -
Pusken
Alle som deltek blir med i ei
trekning med mange premier.
TRADISJONSSNOP blir delt ut til
borna ved Kvitlanebrua.Start
på parkeringsplassen
på Overøye. Får
der utdelt nr. lodd for seinare
trekning.
Kl. 11.00 -
12.00
Rast ved Andersselet på
Kvitlane.
Litt underhaldning ved sela og
sal av lefser, kaffi, saft
frå Holt Gardsmat.
Kl. 12.30 -
13.30
Gudsteneste på
Pusken:
Hornmusikken spelar til
salmesongen
Kl.
13.30
Rjomegraut, Kjøtsuppe,
sætermat, lefser, kaker,
kaffi, saft v/Toreselet
Maten kjem frå
Nilsgardstunet og Holt
Gardsmat
Kl. 14.00 -
16.00
Mange programinnslag
med innlagte prate og
kaffipauser.
|
PROGRAMINNSLAG
MELLOM KL. 14.00 OG 16.00
- Stordal Hornmusikk
- Trekning av premiar
frå turmarsjen
- Gamle instrument ved
Dagfinn Nupen
- Stordals unge røyster
- barnekoret
- Ferdafolk - Ingunn Linge
Valldal og Knut Ivar Bøe
- Salmer, viser og Pop ved
Gruppa SMAUG, 4 musikarar med
variert program
- Kanskje kjem Peer Gynt
forbi - og Den Grønkledde
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR
|
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL
PUSKENDAGEN 28.8.
TA MED HEILE FAMILIEN TIL EIN
MINNERIK DAG PÅ DENNE
LANGSÆTERSTØLEN.
|