Fjord Fjell Friluftsparken i
Møre og Romsdal
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF
er en direkte - men noe annet vinklet
- fortsettelse av Den Store
Hesteferda 2004. Dette prosjektet
baserer seg på dei same
grunnleggande hensikter / intensjoner
og målsettinger som både
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Hesteferdprosjektet.
Prosjekt
FJORD - FJELL - FRILUFTSPARKEN I
MØRE OG ROMSDAL
REPRESENTANT FOR INITIATIVTAKERNE TIL
PROSJEKTET: FJORD - FJELL -
FRILUFTSPARKEN i
Møre og Romsdal Fylke er Einar
J. Hove som er styreleiar i Stordal
Sogelag
BAKGRUNN FOR DETTE
PROSJEKTET
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal er et prosjekt i / samarbeid
med Stordal Sogelag som begge har
samme intensjonene som no dette
Regionale prosjektet FFF i MRF.
Intersogelagssamarbeidet som skapte
Den Store Hesteferda 2004 og
NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked
skulle synleggjere mykje av
historiske og kulturelle verdier som
ligg i utkantane av bygdene
våre. Hesteferdene gjekk
frå Nordfjord tvers gjennom
heile Sunnmøre til den store
Marknadsplassen på Devold
ovanfor Åndalsnes.
Disse hesteferdene og marknadsplassen
på Devold gjekk fram til 1819.
Hesteferdene og NRK-filmen
dokumenterte ei mengd historiske og
kulturelle verdier.
Den Store Hesteferda 2004 var eit
gigantisk DUGNADSPRO-SJEKT. Det er
registrert 470 deltakarar, lavt
kalkulert til en verdi av 1 mill.
kroner.
MERK. FFF - i MRF er den aller
nærmeste nabo til
VERDSARVSTATUSEN til
Geirangerområdet.
Dette gir utrulege nye perspektiver
for FFF i MRF. Den er også ei
viktig miljømessig "avlastning"
av dette området.
KVAR LIGG FJORD - FJELL -
FRILUFTSPARKEN I MØRE OG
ROMSDAL
FFF i MRF ligg i utkantområdet
for bygdene Stordal, Liabygda,
Norddal, Innfjorden,
Måndalen,Vågstranda,
Daugstad, Tresfjord, Vaksvika, Viset
og Dyrkorn. Den er med andre ord det
felles fjellområdet for alle
disse bygdelaga.
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF
er en direkte - men noe annet vinklet
- fortsettelse av Den Store
Hesteferda 2004. Dette prosjektet
baserer seg på dei same
grunnleggande hensikter / intensjoner
og målsettinger som både
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Hesteferdprosjektet og
får på den måten en
"flying start". Ein kan godt beskrive
FFF - i MRF som 8 - 12
bygdeutviklingsprosjekter med ei
felles overbygning.
HOVEDHENSIKTER /
MÅLSETTINGER.
Prosjektet vil rydde alle gamle stier
og ferdselsårer frå gamal
tid i heile området, gjere all
slags kulturhistorie og gamle
tradisjoner kjent og gjere dette
tilgjengelig fysisk i terrenget og
via skriven dokumentasjon, legge
dette inn i ein avansert database
knytt opp til digitale kart og dette
vil bli tilgjengeleg over Internett.
Prosjektet vil merke stier, gamle
råser og kulturminner med skilt,
informasjonstavler, spesialkart og
trekke unge og eldre ut i terrenget
og skape turer med oppleving og
læring.
Prosjektet som sådan er ikkje
kommersielt, men vil legge
grunn-laget for nye arbeidsplasser og
næringsvirksomheit i utkantane /
utmarka og tilrettelegge for
"kvalitetsturisme". Prosjektet fell
inn under begrepet "Geoturisme".
Prosjektet vil få stor betydning
på lengre sikt i alle
lokalsamfunn, men også både
regionalt, nasjonalt og
internasjonalt. Det kan betegnes som
et PILOTPROSJEKT.
KVEN ØNSKER VI SKAL
DELTA I PROSJEKTET.
Det som er siktemålet i starten,
er å få med
LOKALBEFOLKNINGA I KVAR GREND OG
BYGDELAG som ligg opp til FFF. Det er
her tale om 18 grender / bygdelag som
er geografisk definert. Det
viktigaste er å få med
personer som har kunnskap om si
lokale grend; historie, kultur,
tradisjon, matkultur osv og med
kjennskap til verdier som no er i
ferd med å gå tapt for
alltid. Disse er som regel dei som er
villig til å delta i heilt
nødvendige dugnadsaktiviteter
både i fysisk arbeid,
nedtegninger, registreringer og annen
dokumentasjon.
KVEN ER MED I PROSJEKTET
SÅ LANGT.
Mange bygdelag / grender er det
etablert grupper av personer som har
slik kunnskap og innsikt som
framanfor er nemnt. Det er sett i
gang registrering av gamle stier og
vegar lokalt og disse blir tegna inn
på detaljerte kart.
Rydningsarbeidet er alt i gang mange
stader. Arbeidet for FFF har i fleire
bygdelag vore i gang på mange
måtar og områder i snart 4
- 5 månader. Prosjektet er
allereie forankra og positivt
engasjement, dugnadsånd har vist
seg mange stader. Starten av dette
prosjektet MÅ BYGGAST OPP
NEDANFRÅ OG OPP!!
KVA MEINER VI MED "SENTRAL
STYRING"
Den sentrale styringa skal stå
for nødvendig koordinering,
informasjon, motivasjon og felles
tilrettelegging, oppmuntre og
moti-vere til breiast muleg deltaking
på dei lokale plana. Vidare
stå for skriving av
informasjons- og oppdateringshefter,
bearbeide ensartetheit m.h.t.
skilting, informasjonstavler,
kartoversikter osv. Sammenkalle til
større og mindre
informasjonsmøter.
Saman med sentrale personer i dei
enkelte bygdelaga sette opp konkrete
arbeidsmål. Vere inspirator og
servere dugnadsmat.Ta seg av alt
avansert datateknisk arbeid, utvikle
dei database- og digitale
kartverksystema, legge inn data og
stå for presentasjonsopplegget
på Internett. Arbeidet med det
datatekniske opplegget er alt i gang.
Det er allereie engasjert
høgkompetente datafolk som er
komne langt i data-messige
kravsspesifikasjoner.
Skaffe pengemidler til tiltak og
aktiviteter som ikkje kan
finansierast gjennom dugnad.
INNLEIANDE
PROSJEKTBESKRIVELSE
Tidleg i januar i år blei det
laga nokre innleiande
prosjekt-beskrivelser. To sider om
Felles Regionalt Utviklingsprosjekt.
Dette plasserer prosjektet som
utkantane av 6 kommuner og navngir
disse utkantane. To sider som beskriv
konseptet Tur med oppleving og
læring. Dette blei distribuert i
mange eksemplar til alle lokale
grender / bygdelag som
basisinformasjon og er også i
dag gjeldende som
prosjektbeskrivelser fram til et
orienterende nivå.
ARBEIDET I STORDAL
SOGELAG
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og arbeidet i Stordal Sogelag
er gode eksempler på praktisk
utført arbeide som ligg innanfor
Prosjektbeskrivelsen av FFF -
prosjektet. Slikt arbeid skal
utførast i prosjektet FFF i MRF.
Dokumentasjon og skriving om
STØLANE I STORDAL var eit
prosjekt som heile bygda i Stordal
deltok i.
Rydding av Fokhaugtuftene. To
skuleklasser ved Stordal Skule deltok
ein heil dag i rydding av disse
kulturminna og mange vaksne har
arbeidd mange dugnadstimer her.
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN
26.8.05
Ca 200 elevar og 20 lærarar
frå alle omliggende bygder
(altså frå FFF -
parkområdet ) deltok i
turarrangementet inn til
Trollkyrkje-garden og fekk her delta
i et UTESKULEARRANGEMENT.
STORDAL SOGELAG HAR BEVIRKA
AT TROLLKYRKJE-GARDEN SKAL
VITENSKAPELEG
UNDERSØKAST
Arkeologer, geologer, biologer og
andre foretok vitenskaplege
undersøkelser av
Trollkyrkjegarden den 21.-22.-23.9.05
LANGSÆTERDAGANE
SOM LEDD I UTVIKLINGA AV FFF I
MRF
Store kulturhistoriske
arrangement blei avvikla
på Langsæterdagane
26.-27.-28.8.05.
Her eit bilde frå
Kvitlanedagen
27. august 2005.
|
|
INTRODUKSJONSHEFTET
FJORD-FJELL-FRILUFTS-PARKEN I MRF OG
HEFTET: Til alle
medarbeidarar.
Det eine heftet gir ei viss
oppsummering av prosjektet og er
blitt distribuert målretta i ca
300 eksemplar. Det andre er eit
konkret arbeidsbeskrivande hefte.
Besøk i Stordal av leiar og
redaktør i KULTURARVEN i slutten
av september i år. Frå
dette besøket vil der kome ein
artikkel i KULTURARVENs
novemberutgåve 2005 som vil
skrive bl.a. om FFF-parken i MRF, og
denne utgåva vil bli distribuert
til alle husstander i FFF-parkens
omliggende kommuner: Stordal,
Stranda, Norddal, Rauma, Vestnes og
Ørskog.
7000 eksemplar til alle disse
husstandane blir distribuert.
VEKTLEGGENDE FAKTORER VED
PROSJEKTET FFF I MRF
Vi legg spesielt vekt på disse
faktorene:
Nærlokal
forankring
Den lokale befolkninga må
engasjerast i stor grad. Her er
genuint interesserte enkeltpersoner
svært viktig. Lokalkunnskap er
heilt avgjerande og det vil bli lagt
stor vekt på motivering av
enkelt-
personer. Dette er også
tidkrevende, men heilt
nødvendig. Pro-sjektleiar vil
personleg ta denne sentralt viktige
oppgåva
Dugnad
Stor dugnadsånd må
etablerast. Utan stor dugnadsinnsats
vil ikkje
prosjektet kunne realiserast. Det er
frå "grasrotnivå" og
oppover prosjektet må byggast.
I bunnen av prosjektet
ligg
Lokal historie, kultur, kulturminner,
tradisjon, identitet, tradi-sjonsmat,
gamle bygninger og lignende.
Eldre personers
formidling
Til den oppveksande ungdom er dette
av den største betydning.
Dette er ei viktig oppgåve som
må leggast til rette for og det
bør diskuterast kva slag
måte / metode, opplegg som kan
vere mest hensiktsmessig ( skulane
har her eit spesielt ansvar )
Ungdom /
skuleklasser
Disse må engasjerast både
som deltakarar i ryddeaksjoner,
(Kulturminner ), som elever ved
arrangerte UTESKULER og som
deltakarar ved konseptet: Tur med
Oppleving og Læring.
Konseptet: Tur med oppleving
og Læring
Er et eget konsept, men er også
en integrert del av FFF i MRF og
innbefatter også naturfaglege
tema som geologi, mineralogi,
biologisk mangfold o.a.
Organisert friluftsliv og
friluftsidrett
Er også eit langsiktig mål
med prosjektet. Dette inneber
koordi-nering slik at det innanfor
FFF - området kan vere tilbud av
mange typer friluftsidrett sommar og
vinter. Då kan FFF
markedsføre "komplette" tilbud
innen sitt område.
Helse, kosthold, velvære og
kunnskap om disse tema
Mange ungdom og eldre også har
etablert eit usunt kosthold. Å
engasjere seg i disse
spørsmål er ein naturleg
del av dette prosjektet på sikt.
Prosjektet som sådan er
ikkje kommersielt
Men legg indirekte grunnlaget for nye
arbeidsplasser,
nærings-virksomhet og gir ekte
og naturleg opplevelse og informasjon
til kunnskapsorienterte turister og
befolkninga i et stort regionalt
område. Det kan etablerast
spesielle undervisningsopplegg i
"utefag" for heile MRF-fylket og
utanfor dette også.
Trollkyrkjegarden og
Elvabyteområdet
Blir et felles møtepunkt og
"trafikk-knutepunkt " i fjellheimen
slik som den var for århundrer
sidan - ja kanskje årtusener
sidan?
Det skal bli svært spennende
å få resultata av dei
vitenskapelege undersøkelsane
som blei gjort i siste halvdel av
september. Det vil også vere ei
Fylkeskommunal sak å delta i
vidare å undersøke /
utvikle Trollkyrkjegarden som eit
"sentralt fenomen".
INFORMASJON OM PROSJEKTET -
KOSTNADSTYPER
PROSJEKTET FJORD - FJELL -
FRILUFTSPARKEN I MRF og
HERUNDER KONSEPTET: TUR MED OPPLEVING
OG LÆRING
Det er svært vanskeleg no å
sette opp detaljerte
budsjettspesi-fiseringer, men vi
spesifiserer her typer av kostnader
som må dekkast inn utover stor
dugnadsinnsats. Prosjektet vil
også måtte gå over
mange år - 2005 - 6 - 7 - 8 .
- Møteutgifter; mange store og
små møter i alle bygdelag
inkl enkel servering - over mange
år.
- Informasjonshefter, porto,
slide-show -CD bildeframvisning
frå turer og aktivitet i
terrenget. Informasjons-og
motiveringsskriv. Dette er
underveisinformasjon. MOTIVASJON!
- Fysisk skilting i terrenget,
mange store informasjonstavler med
kart, skriftlig informasjon i
vannsikker laminerte utgaver. Et
stort antal mindre enkeltskilt og
informasjonstavler ute i terrenget .
- Mottak av fleire tusen bilder,
utvelgelse og oppsett som Multimedia
STILL - BILDE - SLIDE - SHOW frå
FFF totalt. Produksjon av DVD -
plater og målretta distribusjon
i relativt stor skala
- Kjøp av all nødvendig
programvare så som databaser,
bildebehandling, digitale kart og
Internettoppkoblinger
- Utvikling av det spesielle
database / digitale kartverk
/internettsystemet for konseptet: Tur
med Oppleving og Læring. Dette
krev høy datateknisk kompetanse
og det vil bli ganske mye
nyutvikling. ( Problemstillingene har
vært analysert periodevis siste
2 måneder )
- Organisering av opplegget med
å få inn digitalt bilder og
tekst frå alle lokalområda
( 18 områder ). Vi må
trolig betale en del for å
få omgjort en del av dette
materialet til digitalt språk.
- Innlegging av alle digitale
informasjoner inn i databasen og
etablert på våre digitale
kart.
- Trollkyrkjegardsdagen, stort
arrangement over to dager hausten
2006 og minst hausten 2007.
- Uforutsett / Diverse - Ganske mye
p.t.
Vi har p.t. fått Kr. 50.000 i
støtte til prosjektet av
Sparebanken Møre. Det set oss no
i stand å begynne på den
kostnadskrevende delen av prosjektet.
Men dog berre ei byrjing.
Vi arbeider no for å etablere
mange lokale celler/ grupper.
Vi arbeider etter dei midler (
kontanter ) som til ei kvar tid er
disponible for prosjektet.
Stordal, primo november 2005
for prosjektet
Fjord - Fjell - Friluftsparken
i Møre og Romsdal Fylke
|