Intersogelagssamarbeidet, Den Store
Hesteferda 2004, NRK-filmen Vegen mot
Romsdals marked
Opptakta til dette samarbeidet mellom
mange sogelag vart gjort i eit
møte på Toreselet på
Langsætrane den 12. oktober
2002. Forut for dette møtet
hadde Ragnar Standal og Einar J. Hove
sendt ut invitasjon til mange lag og
organisasjonar.
PROSJEKTA
Intersogelagssamarbeidet
Den Store Hesteferda 2004
NRK - filmen Vegen mot Romsdals
Marked
HOVEDOPPSUMMERING ETTER
GJENNOMFØRTE PROSJEKT
Av Einar J. Hove
Det er bøkene til Ragnar
Standal, Vegar før Vegar Var,
som er inspirasjonskilda til
INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og Den Store
Hesteferda 2004. Disse bøkene
inneheld oversikter over kvar folk og
dyr tok seg fram før våre
vegar og fergesamband. Dei inneheld
informasjon om slike samband mellom
bygdene i Nordfjord, på
Sunnmøre og i Romsdal.
Hesteferdene frå Nordfjord tvers
over Sunnmøre til
Romsdalsmarknadene var ei svært
viktig ferdalei, men bøkene
inneheld mykje meir interessant
stoff.
Eg trefte Ragnar Standal sommaren
2002 og vi vart samde om at vi skulle
prøve å blåse liv i
eit samarbeid mellom bygdene langs
denne ferdaleia. Etter innbyding til
mange lag og organisasjoner
møttest representanter frå
Hjørundfjord, Stranda, Stordal,
Tresfjord, Innfjord, Kulturetaten i
Rauma og Fortidsminneforeninga
på Sunnmøre til eit
innleiande møte på
Toreselet på Langsætrane
den 12. oktober 2002. Etter dette
møtet vart det første
heftet skrive og sendt ut. Dette
starta framveksten av
INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og seinare
konkretiseringa av Den Store
Hesteferda 2004.
I 2003 vart det halde 2 store
møter og skrive tre hefter som
dokumentasjon på tiltaket si
utvikling. Hausten 2003 vart det teke
kontakt med hestemiljøa i Fylket
då representert ved Hans Kolbein
Dahle og Bjørn Kjersem. Skulle
ein få synleg-gjort dei store
hesteferdene måtte
sjølvsagt eit større antal
hester førast gjennom disse til
dels strabasiøse ferdavegane.
Etter invitasjon frå
INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka NRK i
februar 2004 ja til å lage ein
film frå ei konkret hesteferd
hausten 2004. Eit stort møte
vart halde den 14. februar 2004 og
eit hefte frå dette møtet
dokumenterte den dåverande
status. I tillegg til dei instanser
og lag som tidlegare hadde vore med,
kom no fylgjande med i prosjektet;
NRK v/ Oddgeir Bruaset, Devold Gard
v/ Per Devold, Grytten Bygdekvinnelag
v/ Mona Aalstad, Sunnmøre Museum
v/ Lars Longva, Landbruksmuseet i MRF
v/ Anne Marie Førde og
Valldal/Norddal v/ Terje Linge og
Leif Ivar Dale.
Ein skal vere klar over at på
dette tidspunkt hadde mange lag og
enkeltpersoner allereie arbeidd i eit
og eit halvt år med grunnlaget
for prosjektet. Men frå mars av
blei det sterk fokus i arbeidet med
sikte på å førebu og
legge til rette for NRK - filmen.
Kvart lag og bygd starta å
gå gjennom det som dei meinte
kunne høve best å vise fram
frå sin stad. DUGNADSPERIODEN i
prosjektet strekte seg såleis
over ein periode på 7
månader framover i tid.
På møtet den 14. februar
2004 vart det valgt ei
KOORDINERINGSGRUPPE på 3
personer som representerte:
SOGEFOLKET:Einar J. Hove, varamenn
Leif Øie Nordang og Odd
Sæthre
HESTEFOLKET: Hans Kolbein Dahle,
varamenn Bjørn Kjersem og
Petter
Inge Bergheim
NRK: Oddgeir Bruaset og Tonje
Tjernet
Det er blitt halde 7 møter som
har handtert ei lang rekke saker.
John Kr. Hjelle har vore referent
frå alle møta. På
denne måten blei dei tre
hovedgruppene i pro-sjektet
koordinert no til eit stort prosjekt.
Utan disse møta og denne
koordineringa hadde ikkje dette store
og kompliserte prosjektet latt seg
gjennomføre. NRK ynskte å
lage ein så AUTENTISK FILM som
muleg og mellom anna bruke
tids-riktige klær og kostymer
frå 1800-talet. Ein må
konstatere i ettertid at praktiske
avklaringer m.h.t. kva dette betydde
for KONKRET VALG av klær og
kostymer tok for lang tid. Dette
førte til ein god del stress og
press framover.
Ei anna sak var at sjølv med ein
utruleg dugnadsinnsats ville ikkje
prosjektet la seg gjennomføre
med det kostnadsbudsjett som NRK
hadde for denne filminga. På
vårparten og seinare i juni
gjennomførte NRK sine folk
synfaringer ute i felten. Den 29.
april blei det halde eit nytt stort
møte med påfylgjande
dokumentasjon ved eit hefte som gjekk
ut til alle deltakarar. Av viktige
saker frå denne tida kan
nemnast:
- Formalisering av prosjektet Den
Store Hesteferda 2004, med logo,
namn, adresse, kontor, telefon,
bankkonto etc.
- Oppstart av prosjektet si
Heimeside utarbeidd av Stordal
Sogelag
- NRK og nokre rådgivarar
frå Fortidsminneforeninga og
musea blei samde om
hovedretningslinjer m.h.t. klær
og kostymer.
- Intensivering av arbeidet med
å skaffe meir penger til
prosjektet
- NRK la fram si første skisse
til den filmen som skulle lagast.
Dette gav dei forskjellige lag og
bygder eit meir konkret grunnlag
å arbeide etter.
Det siste store planleggingsmøte
vart halde den 12. juni 2004 med
påfylgjande hefte sendt ut til
alle deltakarar. Frå dette
møtet var det meste klart kva
som skulle gjerast:
- NRK - produksjonsplanen,
filmscenene i dei enkelte bygder
- Koordineringsopplegget mellom
hester, hestetrening på land og
om bord i båt, hestetransporter,
overnattinger, matservering,
fjordoperasjonene, filmscenene i dei
enkelte bygder kunne no bearbeidast
til eit totalt samansett prosjekt.
Dette var no utfordringa.
- Dertil var det ønskeleg
totalt å skaffe Kr. 535.000 til
kostnadsdekning av FELLESKOSTNADER
utanom NRK-budsjettet. Utfordringane
framover i juni, juli og august var
klare, men fortsatt svært store.
Det var imidlertid på dette
tidspunktet først og fremst
å skaffe fram dei mange
tidsriktige kostymene som baud
på dei absolutt største
problema. Ein kjempestor
dugnadsinnsats var einaste
løysinga og det blei også
sett i verk ein storstilt
"felles-bruk" av kostymer som skulle
koordinerast frå Haualeite
gjennom dei fleste laga langs leia og
til Devold. At dette gjekk så
bra som det gjorde, kan vi takke ei
stor gruppe damer for. Dei gjorde ein
utruleg stor innsats.
Det blei arbeidd med sikkerheits-,
ansvar- og
forsikringsspørsmål i
samråd med Gjensidige
Forsikringsselskap på Molde og
teikna alle anbefalte forsikringar.
Til slutt - etter ganske intensivt
arbeid - lukkast det å skaffe
Kr. 535.000 til finansiering av
FELLESKOSTNADER i det totale
prosjektet. Bortsett frå uhellet
med helikopteret ved Slogen, gjekk
heile prosjektet utruleg bra.
Sjølvsagt var der ting som ein
kunne ynskt annarleis, men i den
store samanhengen blei Den Store
Hesteferda 2004 gjennomført
svært dyktig og positivt etter
dei planer som låg
føre.
Det ligg ein utruleg dugnadsinnsats
på ei lang rekke områder
bak dette prosjektet. Dette er det
berre å ta av seg hatten for. Vi
trur at NRK-filmen som skal visast i
jula 2004 blir ein svært
sjåverdig film. Hertil har
prosjektet Den Store Hesteferda 2004
sikra seg store mengder med
STILLBILDER som vi ynskjer å
lage ein SLIDE - SHOW multimedia
presentasjon av. Vi må
imidlertid ikkje tape av syne
fylgjande:
- Ei side ved saka er denne
formidable dugnadsinnsatsen. Ei anna
sak er den historiske og kulturelle
kunnskapen som blei greve fram og
ligg til grunn for denne autentiske
filmen.
- Prosjektet vil vise noko frå
ei tid då det ikkje fanst vegar
eller ferger og samtidig gi ulike
glimt frå ei tid som ligg 100
til 200 år før oss.
- Dette er eit forsøk på
å gjere levande noko frå
vår relativt nære historie,
som no er i ferd med å bli
gløymd.
- Prosjektet har imidlertid ei
målsetting utover dette.
- I dag er kulturminner og historie
knytt til dei såkalla utkantane
i ferd med å bli så og seie
overgrodd og gjengrodd. Vi er i ferd
med å tape svært viktige
historiske og kulturelle verdier som
er knytt til disse utkantane.
- Prosjektet er eit debattinnlegg i
spørsmålet om korleis ein
konkret skal VERNE og BRUKE felles
kulturelle og historiske verdiar i
bygdene våre.
- Det store positive engasjement
som blei vist i dette prosjektet og
som er representert ved "grasrota" i
bygde-Norge ber fram eit klart signal
om at ikkje alt dreier seg om
billegare handelsprodukt.
- Vi vil ta i bruk att utkantane av
bygdene våre og bruke dei store
kulturelle og historiske verdiane som
ligg der i ein ny giv for bygdene.
Sentraliseringstankegangen har
allereie gått for langt.
- Det blir ei utfordring for alle
deltakarane i prosjektet å
sjå korleis det grunnlaget som
no er lagt kan vidareførast mot
disse målsettingane.
For INTERSOGELAGSSAMARBEIDET
Prosjekt Den Store Hesteferda 2004
Einar J. Hove
|