Øvre Stordal
Utgangspunktet for dette prosjektet
var Stordal kommune sin
IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11.
oktober 2001. På dette
møtet presenterte Einar J. Hove
ei idèskisse til prosjektet
ØVRE STORDAL. Denne
idèskissa blei godt
motteken.
Det fyrste utkastet til
prosjektutgreiing, datert 18. januar
2002, blei sendt ut i 60 eksemplar
til "høyring" og tilbakemelding
og synspunkt. Den 15. april 2002 blei
utkast nummer to sendt ut.
Dette prosjektet er ikkje avslutta. I
samarbeid med mange lag og
organisasjoner i Stordal har ei mengd
tiltak blitt sett i verk og
gjennomført i regi av dette
prosjektet. Prosjektet vil bli
ført vidare i år (2005) og
neste år.
PROSJEKT ØVRE STORDAL
FORORD
Folket i Stordal vil ikkje akseptere
at området ØVRE STORDAL
skal bli fråflytta og lagt
øyde. Riktig nok er her mange
hytter - og fleire er planlagt - i
området. Men fast busetjing er
ein svært vesentleg faktor for
å oppretthalde aktivitet og liv
i området, bevare kulturelle og
historiske verdiar, ta vare på
kulturlandslkapet generelt og gje
basis for nye næringar og
utvikling.
Dessutan er dette
området unikt på svært
mange måtar:
Her var for kort tid sidan eit av dei
største felles
stølsområda i Noreg -
Langsætrane.
Her har vore fast busetjing
svært langt attende i tida.
I området er her eit stort
vassdragsystem med ei rekkje vatn og
elvar.
Området er interessant så
vel frå ein geologisk, biologisk
som ein botanisk synsvinkel.
Øvre Stordal er også
interessant geografisk då
Langsæterområdet var og er
sentralt for kommunikasjon mellom
mange omliggjande bygdelag på
indre Sunnmøre og Romsdal.
Området er eit perfekt
utfartsområde for dei tettare
busette områda vestover i
Ålesundsregionen.
Øvre Stordal kan utviklast til
å bli eit stort opplevings- og
læringssenter innan historie,
kultur, idretts- og friluftsliv
så vel som innan
naturfagområda.
Her er basis for studium og forsking
innan geologi, biologi, botanikk,
arkeologi, historie, kultur og andre
spesielle fagområde.
I tillegg til rein oppleving kan
området utviklast til eit unikt
senter for opplæring knytte til
skulesystemet, ungdom og eldre som
ynskjer grunnopplæring i ulike
emne.
Området kan også gje
inspirasjon til bildande kunstnarar
og andre skapande og kreative
personar.
Med innsats og engasjement trur vi at
her kan skapast fleire nye
arbeidsplassar knytt så vel til
opplevingsaktivitetane som til meir
jordbruksrealaterte aktivitetar.
Dette notatet er ei prosjektutgreiing
av korleis vi meiner å få
dette til.
Utgangspunktet for dette prosjektet
er Stordal Kommune sin IDÈDUGNAD
i Grendasalen den 11. oktober 2001.
På dette møtet presenterte
Einar J. Hove ei ide'skisse til
prosjektet ØVRE STORDAL. Denne
idèskissa blei godt motteken.
Det første utkastet til
prosjektutgreiing blei gjort av Einar
J. Hove, som i tillegg til eigne
vurderingar, hadde basert seg på
synspunkt så vel frå
landbruksnæringa sine
representantar som andre bygdefolk.
Det fyrste utkastet, datert 18.01.,
blei sendt ut i 60 eksemplar til
"høyring" og tilbakemelding og
synspunkt. Landbrukskontoret, ved
landbrukssjef Toralv Klokkehaug, har
vore ein engasjert medspelar når
no denne utgåva av
prosjektutgreiinga, datert 15.04.
blir sendt ut.
EIT STORT OG REPRESENTATIVT TAL AV
ALT FOLKET I STORDAL KOMMUNE
STØTTER NO DETTE PROSJEKTET MED
SINE UNDERSKRIFTER. DETTE ER VIST I
BILAG 13.
STORDAL 15. APRIL
2002
Skriving og redigering av denne
utgåva av prosjektutgreiinga er
gjort ved eit samarbeid mellom
underteikna.
Einar J. Hove - Toralv
Klokkehaug
SAMANDRAG
PROSJEKT ØVRE STORDAL
HOVUDMÅLSETJING
Ta vare på eksisterande
busetjing og vidareutvikle denne
gjennom auka verdiskaping innan
eksisterande næringar og gjennom
etablering av nye
næringar.
KVA VIL VI OPPNÅ
?
Ei positiv framtid for alle som bur i
kommunen, med fornya tru på
framtida. Primærnæringa
skal få fleire bein å
stå på gjennom tenesteyting
og vidareforedling. Vidareutvikle
turisme og opplevingsdelen, med basis
i lokal kultur og tradisjon.
FORDI:
- Stordal Kommune er ei lita
kommune med einsidig næringsliv,
møbel og landbruk.
- Møbelnæringa er i ein
omstillingsprosess med nedlegging av
fabrikkar og sentralisering av
produksjonen. Dette har ført til
færre arbeidsplassar i kommunen
og sterk reduksjon av høgare
fagleg, administrativ arbeidskraft.
- Talet på
mjølkeprodusenter er redusert
til 12 - ein av dei største
prosentvise reduksjonane i fylket.
Dette har ført til at
fagmiljøet i landbruket er
svekka.
- Kommunen har store ressursar i
utmarksareal, der vilt, fiske,
natur-og turoppleving står
sentralt.
- Det er vidare utarbeidd
omfattande utbyggingsplanar for ny
hyttebygging.
- Øvre del av Stordal er
på mange måtar eit unikt
område, som har store
muligheiter for å utvikle
arbeidsplassar knytt til oppleving og
læring.
- Kommunen står samla bak
satsinga.
PROSJEKTOMRÅDE
Området frå Vad bru og
oppover i begge dalføra til
kommunegrensa.
GRUNNEIGARANE
Prosjektet er forankra i
grunneigarane sin medverknad og
støtte, ikkje berre innan
planområdet, men i heile
kommunen. Prosjektet skal vere styrt
av grunneigarane. På denne
måten skal dei delta aktivt i
prosjektet gjennom styringsorgan,
arbeids-grupper og dugnader.
GJENNOM DENNE SATSINGA SKAL STORDAL
KOMMUNE BLI EIT REGIONALT SENTER FOR
GJENREISING OG "RESTAURERING" AV
PRIMÆRNÆRINGANE OG
UTVIKLING AV NYE NÆRINGAR MED
BASIS I EKSISTERANDE AKTIVITET.
LANDBRUKET I ØVRE
STORDAL
Dei store beiteviddene øvst opp
i begge dalføra er svært
gode for både sau og ung-dyr.
Dei siste åra har jerven herja
stygt i saueflokkane som går i
fjellet, men ein har sett i gang
tiltak for å redusere skadane.
Frå juli og utover hausten
nyttar heile Stordalsbygda desse
viddene. Beitetilhøva lengst
nede i Stordalen er dårlege
på denne tida av året.
|