• Sjekk også billettprisar og bestilling på Facebook-sidene våre👍

    Sjekk også billettprisar og bestilling på Facebook-sidene våre👍

    Ja, slik vart altså programmet for Kyrkjehole-sesongen 2026!
    Seks flotte arrangement som vi trygt kan garantere kvaliteten på! Kyrkjehola kulturbeite engasjerer berre dei beste, så uansett når du besøkjer oss, så er du garantert ei flott konsertoppleving🥰
    Ikkje minst gjeld dette dei artistane du kanskje ikkje har høyrt før… Så ta sjansen på noko nytt, og du vil bli positivt overraska – garantert👍
    Billettsalet startar i månadsskiftet januar-februar! Då vil dette bli annonsert på Facebook og forhåpentligvis i lokale media.
    Vi har håp om å få på plass nokre sponsorar til i løpet av januar. All sponsorstøtte går med til å redusere billettprisane – vi vil at flest mogeleg skal ha råd til våre arrangement – helst fleire🥰
    Husk at Kyrkjehola kulturbeite er ein absolutt non-profit organisasjon, der alt arbeidet blir utført på dugnad og alle inntekter går til artistane/arrangementa. Vi har IKKJE som mål å tene pengar, men å skape gode opplevingar for artistar og publikum🙏

    Velkommen til oss på eitt eller fleire av desse arrangementa; for billettar: Vipps til #911184 og skriv forestilling og tal på billettar!
    Fredag 12.juni: Eli Kristin Hanssveen, Bill. kr.400,-
    Laurdag 20.juni: Frode Alnæs, Bill. Kr. 350,-
    Søndag 28.juni: Marie Løvås, Bill kr. 350,-
    Søndag 5.juli: Rune Larsen og Anne Veddeng, Bill. Kr. 400,-
    Laurdag 18.juli: Ytre Suløens Jass-Ensemble, Bill.kr. 400,-
    Fredag 7.august: Opera-pub på Nils; Hallvar Djupvik, Stephanie Lippert, Kristina Farstad Bjørdal, bill. Kr. 300,-

    Vipps til #911184, skriv forestilling og tal på billettar

    Det blir ein magisk opningskonsert fredag den 12.juni! Eli Kristin Hanssveen er Norges største diva! Ho blei for alvor kjent for folk etter deltaking i Stjernekamp for nokre år sidan, men ho syng til dagleg på Den Norske Opera. Eli Kristin si stemme er heilt unik! Ho kan like gjerne framstå som ein forførande popsongar som ein grandios operasongar! Ho er det vi kan kalle ein artist med absolutt wow-faktor!
    Eli Kristin har vore tilsett ved Operaen sidan 2007 og har hatt mange av dei store rollane der. Ho er ein av våre aller beste vokalistar, og ho beherskar mange sjangrar, noko ho også viste til fulle i NRK sin Stjernekamp.
    Sommaren 2024 var ho med i showet “Sommerslagere på Gjøvik“, og der slo ho publikum i bakken med sine fantastiske framføringar av blant anna Wuthering Heights, The Prayer, Dancing Queen og ikke minst Barcelona.
    Eli Kristin si allsidigheit gjer at ho passar i dei fleste samanhengar – frå intimkonsertar til storslåtte gallaer. Ho imponerer uansett – med sitt musikalske talent, si allsidigheit, sin briljans og unike sceneutstråling.
    Med andre ord; ho passar perfekt i Rosekyrkja🙏
    Laurdag 20.juni stiller sjølvaste «Mr..Dance with a stranger», Frode Alnæs, med gitar, speleglede og godt humør i Rosekyrkja. Han er rekna som ein av Norges beste gitaristar og låtskrivarar. Han er kjent som gitarvirtuosen, «sjefen» og opphavsmann til samtlege av låtane til «Dance With A Stranger». Han har gitt ut sju soloplater i eige namn, både som vokalist og gitarist. Heile åtte album har han gitt ut med «Dance With A Stranger», og han har medverka som låtskrivar og gitarist på meir enn 150 album i inn- og utland og samarbeidd med dei fleste i norsk musikkbransje.
    Frode Alnæs er også kjent for si unike evne til å kommunisere med publikum, noko som har gjort han til ein av våre mest folkekjære artistar. Det er aldri kjedeleg når Frode står på scena. Han er utadvendt og byr alltid på musikalske overraskingar og godt humør.
    Han har sine musikalske røter innanfor både jazz og pop, noko som gjer han til ein spennande, leiken og improviserande musikar.
    Frode si lange og eventyrlege musikalske livsreise har gitt han mykje heider og ære, blant anna tre Spellemannsprisar. Han har gjesta over 60 kulturhus over hele landet med den kritikarroste soloforestillinga «Min dans med strenger» og kvar desember reiser han på sin populære juleturné «Lang desember natt» som har utselde hus stor sett alle stadar. Det bør bli ein stemningsfull laurdagskveld i Rosekyrkja! Du kjem vel?
    Marie Løvås er den yngste og kanskje mest spennande artisten i Kyrkjehola kulturbeite neste år! Vi er svært stolte og glade over å kunne presentere eit ungt visepop-fenomen frå vårt eige distrikt – nærare bestemt frå Skodje! Søndag 28.juni er ho klar for Kyrkjehola!
    Marie Løvås har med sitt kritikarroste album «Alle mine svar blei om til såpebobleregn» frå oktober 2024 tatt steget ut til eit breitt publikum. Ho er tildelt Norsk Viseforum sitt artiststipend, og med sin klokkeklare vokal og sine sterke låtar har ho blitt omtalt som ein av dei beste på den norske visepopscena. Viser som ”August”, ”Siste trikk” og ”Telthusbakken seint i mai” har fått jamt med speletid på NRK P1 og P3. Låta ”Hundretusen hjerteslag” blei også ein del av Kirkens Bymisjon sin julekampanje og det blei ein folkefavoritt.
    At Marie fekk Spellemannprisen i viseklassa i 2025 er eit tydeleg bevis på at ho er ein av dei mest spennande artistane på den norske musikkscene i dag.
    Med melodiske, ærlege og iøyrefallande viser har Marie Løvås funne sitt unike uttrykk. Du bør absolutt prioritere å høyre henne først som sist – for du kjem garantert til å høyre meir til henne i åra framover.
    Det blir garantert stemning i Rosekyrkja søndag 5.juli når Rune Larsen og Anne Veddeng kjem på besøk med førestillinga “Evig ung… when you are old“.
    Rune Larsen er ein veteran i norsk pop. Han debuterte så tidleg som i 1964 i TV programmet ”Popcorn” og har sidan vore svært aktiv både som plateartist og som programleiar for ei rekke program på TV; Lollipop, Momarkedet, Casablanca, Larsen Spesial, Absolutt Norsk, 70 år og Only sixteen og Nystemt fra Nøsteboden – for å nemne nokre. I mange år delte Rune gjerne scene med Helge Nilsen eller Tor Endresen, men for nokre år sidan presenterte han sin nye makker – både i livet og på scena; Anne Veddeng.
    Anne er til dagleg overlege på Haukeland sjukehus, men har i heile sitt liv vore aktiv innan mange typar musikalske sjangrar. Ho har vore solist i SKRUK og i Gospelcompagniet i Bergen, og korist i den prislønte operaen Peter Grimes. Men Anne har også hatt eit varmt hjerte for countrymusikken – spesielt artistar som Allison Kraus, Patsy Klein og Dixie Chicks.
    ”Evig ung…when you are old“ er eit musikalsk skråblikk på korleis vi ofte plasserer menneske i båsar basert på alder. Men i følgje Rune Larsen så sprenger musikken alle slike grenser. Derfor har dei eit repertoar som har med alt frå ”Crying time” fra 60-tallet til ”Har du fyr” fra 2016. Det blir altså både nytt og gammalt, evig ung …when you are old.
    You’ll better be there😉
    Ytre Suløens Jass-Ensemble & Tricia Bouttè🙏
    Kva med ei spennande jazzjulegåve😉 Laurdag 18.juli er det klart for ein svingande og fantastisk jazzkonsert i Rosekyrkja!
    Ytre Suløens Jass-Ensemble har eksistert med varierande besetning i over 50 år! Bandet med det litt rare namnet oppstod i 1973 i det aktive musikkmiljøet i Langevåg. Fleire av dei som var med å starte Ytre Suløens vart etterkvart profesjonelle musikarar, men ingen av dei opprinnelege musikarane er med i bandet i dag. Med ei ny generasjon Suløen-musikarar på laget kombinerer bandet leiken speleglede, rå energi og musikalsk djupn. Repertoaret spenner frå klassisk New Orleans-jazz og gospel til personlege tolkingar av musikk av mellom andre Charles Mingus, Don Cherry, Carla Bley og Tom Waits.
    Den karismatiske vokalisten Tricia Bouttè, fødd og oppvaksen i New Orleans, har vore ein sentral del av bandet sidan 2002. Ho tilfører konsertane varme, sjel og ein autentisk nærleik til jazzbyen sitt uttrykk.
    Med over 30 plateinnspelingar og fleire turnéar i inn- og utland, har Ytre Suløens Jass-Ensemble prega norsk jazzliv i fleire tiår. I Louis Armstrong si ånd skapar dei ein musikalsk energi som smittar over på publikum, og vi er utruleg stolte av at dei no endeleg kjem til Kyrkjehola for å dele spelegleda si med oss.
    Og til oss kjem dei rett frå Jazzfestivalen i Molde der dei dagen før skal ha konsert i Molde domkirke – tenk det; MoldeJazz og Kyrkjehola👏👏👏
    Konsertane med Ytre Suløen er prega av humor, intensitet og sterk publikums­kontakt – dette er jazz som lever, pustar og smittar.
    Vi er sikre på at stemninga kjem til å nå heilt opp til kyrkjespiret! Velkommen til ein skikkeleg jazzkveld i Rosekyrkja!
    “Operapub på Nils“
    Vi avsluttar neste sesong på same måte som i år – med eit pubarrangement på Nilsgardstunet! Det blir eit nært, varmt og livleg møte med mange musikalske svisker når operasongarane Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert får med seg trekkspelvirtuosen Kristina Farstad Bjørdal til ”Operapub på Nils” i regi av Kyrkjehola kulturbeite! Du vil få servert kjende og kjære stykke frå opera, operette og musikalar, og dette blir ei flott moglegheit til å oppleve profesjonell musikalitet og samspel på nært hald – i ei avslappa og intim atmosfære, gjerne med noko godt i glaset!
    Hallvar er tomrefjording utdanna ved Operaakademiet i København. Han har vore solist på Den Norske Opera og Ballett, er gitarist og songar i fleire band og har mange års erfaring som kyrkjesongar. Stephanie er mezzosporan/visesongar frå Sverige, også ho er utdanna ved Operaakademiet i København, og ho er no frilans operasonger og har sunge fleire roller rundt om i Norden. Hallvar og Stephanie er gift og bur i Tomrefjord.
    Kristina er ein prisvinnande akkordeonist fra Skodje med mastergrad frå Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Ho har vunne ei rekke NM-gull og mottok Bolstadprisen i 2021 for sitt arbeid med tradisjonell trekkspelmusikk. Kristina er leiar for Fjord Orchestra og er prosjektleiar for NordAccordion på Voss. Ho er kjend for si musikalske allsidigheit, og ho formidlar både klassisk og folkeleg musikk med stort engasjement. Ho har tidlegare besøkt Kyrkjehola kulturbeite saman med Jorun Marie Kvernberg.
    Det er med andre ord ein svært allsidig og kompetent trio som kan svinge seg mellom mange ulike sjangrar, og dette er noko dei absolutt kjem til å vise på Nilsgardstunet. Du får store stemmer, virtuost akkompagnement, humor og klassikarar servert som perler på ei snor.
    Screenshot