Målsettinga med dette
prosjektet er i tråd med
dei grunnleggande intensjonane
som Stordalsportalen bygger
på og som vi her gjengir:
Stordalsportalen skal
vere ein positiv presentasjon
på internett av
Stordalssamfunnet og i
prinsippet femne om alt som vi
vil presentere av positiv
informasjon frå vårt
område.
Med Stordalssamfunnet
meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal,
Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og
Bortomfjorden og herunder alt
næringsliv, kultur,
historie, friluftsliv, idrett,
tiltak, aktivitetar,
arrangement, oppleveingar
etc. Portalen
skal i stor grad vere bygd opp
basert på desentralisert
oppdaterings- og driftsopplegg
gjennom flest mulige tema og
grupper som har eit klart
definert oppdaterings-og
driftsansvar.
For å få dette til
har vi eit sterkt ønske om
at mange deltek med eigne
Heimesider og Utvida Infosider
direkte under Stordalsportalen
sitt system. Mange er allereie
med, men vi ønsker
også fleire og aktive
deltakarar. Vi vonar at så
mange som muleg deltek og legg
inn stoff under portalen om og
frå heimbygda vår. Vi
vil ha ein mangearta, oppdatert
og aktiv nettstad med
informasjon mot eigne
innbyggarar, men vi vil
også at mange ute i den
store verda kan få mykje
interessant stoff frå
Stordal.
Sentralt i utviklingsprosjektet
er å gjere det lettast
muleg for mange sjølv
å legge inn stoff. Vi har
no definert og sett i gang eit
omfattande internt
utviklingsprosjekt. Alt det
tekniske som blir gjort og skal
gjerast kjem vi ikkje her
så mykje inn på, men
vi vil heller vise til korleis
dette no etter kvart vil kome
fram under Stordalsportalen.
Det vil no kvar veke og
også endå mykje
oftare kome til nytt stoff
på mange måtar
framover.
VER OPPDATERT OM KVA SOM SKAL
SKJE OG HAR SKJEDD I
STORDAL
FØLG MED I
STORDALSPORTALEN
For deg som ikkje er så
kjent med Stordalsportalen
frå før, viser vi til
linken midt på startsida;
"Rettleiing til våre
besøkande".
Følg også med under
OPPSLAGSTAVLA til høgre.
Her vil Stordalsportalen
fortløpande orientere og
henvise til nyheiter og
endringar i portalen.
Det første du vil legge
merke til, er ein del endringar
på startsida. Denne sida
vil også bli forbedra
vidare framover både
layoutmessig og
funksjonelt.
Ut gjennom komande veke vil vi
introdusere:
- STORDAL IDRETTSLAG si eiga
Heimeside med undersider for
langrenn, hopp, alpint og
Fjellservice
- Mot slutten av komande veke
vil Stordal Sogelag si eiga
Heimeside bli presentert i ny
utgåve. Her vil det bli
lagt inn mykje nytt og
interessant stoff framover.
Som aktiv besøkande til
Stordalsportalen vil du
garantert få mykje
interessant informasjon dei
komande vekene og
månadane.
Denne informasjonen er lagt ut
10. november 2007.