Synleggjering
BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag
har teke initiativet til å
SYNLEGGJERE dei store verdiane som vi
har i utkantane av bygdene våre
- Stordal, Dyrkorn og Bortomfjorden.
Det har vore arbeidd etter ein TRE -
TRINNS - PLAN.
FØRSTE TRINN:
Første trinn har vore å
dokumentere skriftleg og gjere kjent
ei masse saker som vi reknar som
store historiske og kulturelle
verdiar. Vi gjengir her kort kva
slags verdiar og tiltak vi meiner i
denne samanheng:
Stordal Sogelag har skrive
følgende hefter som er gitt ut
gratis til Sogelaget sine 230
medlemer:
Stølane i Stordal ( 32
stølar )
Dette er ei registrering, ein
informasjon med tekst og bilder og ei
kartfesting av alle stølane i
heile Stordal Kommune. Dette er heile
32 stølar når vi også
tek med tuftene etter dei aller
eldste. Dei eldste som vi har
informasjon om, er frå 1600 -
talet. Stordal Sogelag har også
klargjort alle stiane som gjekk fram
til og mellom alle disse
stølane.
Langsætrane
Dette er dei store sommarsætrane
til dei 40 nederste bruka i Stordal.
Dei består av to stølar;
Pusken og Kvitlane og var dei
største samla stølane
på Vestlandet. Stordal Sogelag
har skreve utførleg om disse
stølane i eit stort temahefte
med ei mengd gamle bilder frå
stølslivet i eldre tider.
Klyngetunet på
Jøsvoll
Stordal Sogelag har i dette heftet
også registrert og skrive om dei
mange kulturminna som knyter seg til
dette klyngetunet.
Sogelaget har på gang skriving
av to store hefter om dei fremste
gardane i Nøre-dalen i Stordal.
Slik som i heftet om klyngetunet
på Jøsvoll, vil vi
dokumentere kva slags kulturminner
som finnest på gardane i den
øvre del av Nøredalen.
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag har vidare engasjert
seg i følgende tiltak:
1. Vitenskapelege undersøkingar
av Trollkyrkjegaren
2. Rydding av tuftene etter garden
Fokhaug og historisk dokumentasjon
3. Vi har skrive om disse gamle
kulturminna i
Langsæterområdet:
- Fantehammaren
- Kamb - Ola
- Bogestellet i Dyrdalen
- Andre mindre merker etter folk i
utmarka i dette området
Framanforståande er ganske
omfattande dokumentasjon av
Kulturminna i utkantane av bygdene
våre. Ein del bildemateriell
frå ovanståande finn du
under Heimesida til Stordal Sogelag
under Stordalsportalen. Sjå
Bildearkiv og underpunkta til
venstre.
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag arbeider også
med eit stort tiltak som går ut
på å lage ei samanfatning
av alle kulturminne i Øvre
Stordal.
ANDRE TRINN:
Stordal Sogelag tok for tre år
sidan kontakt med Stordal Bondelag
for å få til eit samarbeid
om:
RYDDING AV GAMLE STIER / RÅSER
FRAM TIL ALLE FRAMANFORSTÅANDE
KULTURMINNER.
I forkant av dette hadde Stordal
Sogelag skissert på eigne kart
kvar disse gamle stiane / råsene
gjekk. Stordal Bondelag har fått
støtte frå
Landbruksavdelinga på Molde til
å rydde alle ovanståande
stier og råser, og dette
arbeidet skal vere avslutta i år
2006.
TREDJE TRINN:
Det tredje trinnet går så
ut på å synleggjere dette
og det er dette prosjekt
SYNLEGGJERING handler om.
Vi skal her beskrive kva dette
prosjektet går ut på:
PROSJEKT SYNLEGGJERING
Vi deler dette inn i følgende
typer tiltak:
Oppsetting av
Informasjonstavler
Det er no i starten under produksjon
3 informasjonstavler.
Ei stor informasjonstavle på
Overøye. Dette er ein
konstruksjon som er bygt på eit
historisk korrekt grindbygg. Her vil
stå informasjon både
på utsida og innvendig i dette
bygget.
Tegninga av denne grindkonstruksjonen
er vist nedanfor.
Mykje av dette arbeidet blir gjort
på dugnad av medlemer av Stordal
Sogelag. Nedanfor viser vi nokre
bilder frå ein del av arbeidet
med denne konstruksjonen. Den
røynde byggmesteren Per Kjell
Holtleite har vore leiar for dette
arbeidet og delteke mykje i
sjølve arbeidet også. Men
fleire andre har også delteke.
Einar Midtbust, Kåre
Kleiven, Einar J. Hove, Johan Vinje,
Harald Jøsvoll.
Det er mange prosesser som skal
gjerast i ein slik grindkonstruksjon.
Nedanfor viser vi fire bilder
frå starten på dette
arbeidet.
Sven Tore Busengdal, Per Kjell
Holtleite.
Denne grindkonstruksjonen skal
setjast opp ved den store furua
på fremste Parkeringsplassen
på Overøye. Nedanfor er
vist ein illustrasjon av korleis den
skal framstå som
informasjonstavle med mykje
informasjon både utvendig og
innvendig.
I tillegg til denne store tavla skal
det setjast opp to meir
konvensjonelle informasjonstavler. Ei
øverst oppe på
Kvitlanestølen og ei relativt
stor tavle ved brua nedanfor
Puskenstølen. I tillegg til
spesialproduserte turstikart, vil her
kome mykje interessant informasjon av
historisk og kulturell art. Vi vil gi
meir informasjon om disse tavlene
når arbeidet med dei er kome
litt lenger.
Oppsetting av
retningsskilt.
Stordal Sogelag arbeider også
med å lage ei mengd med
retningsskilt som skal gi god
informasjon om kvar du skal gå
for å kome fram til dei
forskjellige turmåla.
Kart og informasjon på
Internett.
Stordal Sogelag rår over
digitale kart der vi sjølve kan
sette inn all den informasjon vi vil
og få disse karta produsert for
oppsetting på våre
informasjonstavler. I tillegg til
dette kan vi presentere disse karta
for visning på Internett. Det er
dette vi etter kvart vil utvikle som
Konseptet: Tur med Oppleving
og Læring.
MEIR INFORMASJON OM PROSJEKTET
SYNLEGGJERING KJEM HER NO 13. JULI
2006.
Dugnadskarar treng også
pause.
På bildet til høgre
ser vi frå venstre
Kåre Kleiven, Karl
Øvrebust, Ove Løfoll
og Sven Tore Busengdal.
|
Til venstre ser vi ein detalj
frå grindbygget. Vi ser
BETEN nærast som er felt
ned på STAVEN. Bak staven
og oppå beten er
RAFTHALDET felt inn.
|
Over ser vi til venstre John
Hjelmseth og Kåre Kleiven i
arbeid på grindbygget.
På bildet over til høgre
Olaus Overøye.
Tomta på Overøye der
grindbygget skal stå vert
klargjort. På bildet over til
venstre er frå venstre Kjell
Mulelid, Alfred Johansen og Tore
Hallan i full gong med å
støype fundamenta som
grindbygget skal stå på.
På bildet over til høgre
vert tomta rydda og jamna til etter
at støypinga er ferdig. Frå
venstre Emil Staurset, Johan Vinje og
Einar Midtbust.
Til høgre ser vi Geir
Innselseth frå Busengdal
Transport som løftar
grindbygget høgt til vers
for å sette det på
bilen som skal frakte det til
Overøye.
|
På bildet til venstre vert
grindbygget flytta ut av bygget
til Harald Jøsvol der det
har stått under
sjølve bygginga. Sperrene
var klargjort og montert, men
vart demontert før bygget
kunne flyttast. Disse ligg no
klar til å monterast
på att. Frå venstre
Harald Jøsvoll og John
Kristian Hjelle.
|
Grindbygget trygt plassert på
solide fundament på
Overøye. Frå venstre Alf
Overøye, Kristian Almås og
John Kristian Hjelle.
Parallelt med at konstruksjonen av
grindbygget vart ferdiggjort var ein
gjeng opp i Stavdalslia og tok never
til taket. Bilda nedanfor viser
frå dette arbeidet.
Sluttføringa av bygget vil skje
i slutten av juli og byrjinga av
august. Då vil også mykje
av den informasjonen som skal
stå dels utanpå og dels
inne i grindbygget vere klar og bli
montert.
Parallelt med ovanståande
arbeides det med tillaging av dei
mange retningsskilta som skal
stå i
Langsæterområdet.
FØLG MED I DEN VIDARE
UTVIKLINGA.
VI LEGG MEIR INFORMASJON INN HER
SEINARE.
|