Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Sommarsong i Rosekyrkja

Konsert i Rosekyrkja måndag 29. juli 2019 kl. 19.30

Sommarsong i Rosekyrkja på olsokkvelden

Tone Oline Knivsflå og Kristin Lundemo Overøye er to unge, nyutdanna skodespelarar og songarar med sterke røter i vårt distrikt. Saman med pianist og komponist Odd Johan Overøye har dei plukka ein fargerik bukett av vakre dikt, viser, songar og salmar der sommaren – vår kjæraste årstid – er gjennomgangstema. Publikum blir også invitert med på allsong. Kyrkjehola Kulturbeite ynskjer velkommen til ein stemningsfull sommarkonsert av godt, gammalt merke i vakre Rosekyrkja (etter olsokgudstenesta).

Tone Oline (opphavleg frå Geiranger) er utdanna ved Bårdar Akademiet / Bårdar International Musical Theatre. Av større oppgåver i skolens produksjonar kan nemast rolla som Milja i ”Ungen”. Etter avslutta studiar har ho allereie gjort seg gjeldande i fleire oppsetningar ved Chat Noir i Oslo, m.a. i rolla som Jenny i Tolvskillingsoperaen, med regi av Sven Sturla Hungnes. Under same leiing var ho med i Ibsens Peer Gynt på Akershus festning sommaren 2018. Ho har også hatt diverse konsertoppdrag; mellom anna i Jakobskirken og ved Bikuben (Det Norske Teatret).

Kristin er trondheimsjente med aner i Stordal. Ho har ein Bachelor i Actor Musicianship frå Rose Bruford College i London der ho har hatt roller som Liza i ”Children of the Sun” og Lynette Fromme i musikalen ”Assassins” (oppsetning ved Stratford Circus Art Theatre). Av ymse i Norge kan nemast hovudrolle i Sunnivaspelet (Skeie / Overøye) i Tønsberg Domkirke, konferansieroppdrag for Trondheim Symfoniorkester og diverse solistoppdrag; no sist med kunstnarisk innslag under portrettet av Geir Lippestad i Byåsen kirkes kulturprogram. Odd Johan (Stordal / Trondheim) er komponist / arrangør og pianist, og har hatt musikken som levebrød sidan slutten av 80-talet. Han underviser i komposisjon og teori ved NTNU-Institutt for musikk, og har hatt diverse tillitsverv i norsk musikkliv – m.a. som komitémedlem i Statens Kunstnarstipend. Odd Johan er gründeren bak Kyrkjehola Kulturbeite som med varierande aktivitetsnivå har halde det gåande sidan 2000.


Billettar:

Billettar vert å få kjøpt i Stordal bygdetun (ved Rosekyrkja) mellom kl. 18.30 og 19.30 olsokkvelden

Kr. 200 for vaksne,

kr. 100 for born under 16 år

kr. 350 for familie (foreldre og born under 16 år)

Vi nemner at det er olsokgudsteneste i Rosekyrkja frå kl. 18


Admin