Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Kjære publikum!

Velkomen tilbake til ein ny kulturbeitesommar - den sekstande i rekkja - etter eit opphald i året som gjekk. Vi håper du har sakna oss lite grann. Tradisjonen tru kan vi skilte med eit påkosta program i møtepunktet mellom musikk ord og bilde. I år finn du arrangementa ganske konsentrert rundt månadsskiftet juli – august, og vi håper at folk vil stoppe i bygda for å få med seg fleire ting desse dagane. Slik forventar vi høgare temperatur og meir festivalstemning i tradisjonell forstand. Trass i ein liten nedgang i talet på program, er spennvidda stor; frå kritikarrost revyteater via impro, blues, folkemusikk og feel-good, til utsøkt glaskunst. Her nemner vi spesielt fenomenet Hulbækmo & Jacobsen Familieorkester som er årets hovudgjester. Ryktet går om eit band i verdsklasse, og som klarer kunststykket å appellere til folk i alle aldersgrupper. Desse får du oppleve både i Rosekyrkja og på puben i Nilsgardstunet. Elles vil det også skje spennande saker i Løsetstova og Dyrkornfabrikken. Vi ser fram til eit rikhaldig seinsommarbeite i fagre Stordal!

Med helsing frå

Styret


Admin